Bandet 'Pearl'
Pearl er eit Halsnøy-basert band, med fokus på rock, countryrock, country og pop frå 50, 60 og 70-talet. Bandet har i dag fem medlemmer, og tre av desse har vore med sidan starten.
Bandet hadde ved førebels siste dans i 2008 mange jobbar bak seg, med erfaring i alt frå konsert til bryggedans.
Historikk
Bandet blei starta i Desember 2003 som eit Creedence Clearwater Revival tribute band i kjellaren til trommeslagar Einar Andre Åsheim. Forutan Åsheim var dei dåverande medlemma Øyvind Bjørnevik på keyboard/piano og Martin Bjørnevik på gitar. Nokre veker seinare blei Christian Bjørgen med på bassgitar og Martin Kviteberg på keyboard for å avlaste Øyvind i det han òg tok over vokalansvaret.
Den 14. februar 2004 fekk gruppa sin offisielle debut på ein lokal vinterfest, foran knappe hundre gjester spelte bandet tre CCR-låtar samt ein country standard av Roger Whittaker. Etter dette fulgte nye månader med øving og utvidelse av repertoaret, og våren 2004 fekk gruppa sine første erfaringar med å spele til dans som hovudtrekkplaster. For å dekke behovet for to gitaristar var Jostein Hauge hyra inn, og han trakterte strengene i nokre månader før han slutta for å fokusere på studier.
I April 2004 tok gruppa offisielt navnet Rock Revival, etter fleire månader utan konkret benevning. Samstundes spela bandet for første gong utanfor kommunen, som innslag på eit arrangement i Borggata på Stord. Opptredenen, saman med dansekveldane på Halsnøy, gav gruppa vel unna merksemd, og like etter vart Rock Revival hyra inn som ein av trekkplastera under Sæbøvikfestivalen 2004, kor gruppa tok scenen laurdag formiddag. Suksessen var eit faktum, og bestillingane kom på løpande band.
Med ein fot i døra til musikkbransjen var det eit "vinn-eller-forsvinn" spørsmål for Rock Revival, og bandet valde å investere i betre utstyr for å kunne levere eit skikkeleg produkt. Nytt lydanlegg, nye forsterkarar og betre instrument gav god glød i medlemma, og det var eit Rock Revival på topp som gav gass mot hausten 2004. Like etter fekk gruppa to store jobbar, som ein av tre grupper til konsert på "nattklubben" Arena på Stord, og dobbel-jobb som danseband på velkjende Old River Saloon i Etne, ein scene kor mellom anna Bobby Bare, Waylon Jennings og Teddy Nelson tidlegare hadde planta skoa sine.
Månadane i forkant var prega av skifte i medlemskapet. Martin Bjørnevik var lei av rolla som gitarist, sidan han eigentleg var trommeslagar av erfaring, og slutta i gruppa, samstundes som Jostein Hauge slutta for å prioritere studier. Med ingen gitaristar på hand vart det gjort kjappe endringar for å ordne opp. Martin Kviteberg la frå seg keyboardet for å ta gitaren fatt , medan musikkskuleelev Sigurd Hveem blei med som gitarist nr 2. Samstundes blei Maria Johnsen og Randi Karin Rusten med i gruppa for å forsterke vokalrekka. LIke etter kom Martin Bjørnevik tilbake, som perkusjonist og andretrommis.
5. november 2004 debuterte det nye mannskapet på Arena på Stord, den siste jobben med Jostein på gitar, og den einaste med heile tre gitaristar på scenen. Med konserten bak seg vende Rock Revival merksemda mot Old River Saloon. Med god pressedekning i Haugesunds Avis veka før me spelte var det mykje folk og høge forventningar til Desember-helga i 2004, og suksessen vart nok ein gong eit faktum. Rock Revival var på kartet.
Etter nokre vekers ferie haldt gruppa fram på nyåret 2005, med nye dansejobbar i regionen. Med eit stadig aukande repertoir av klassisk rock, pop og country vart Rock Revival eit populært trekkplaster både til dans, konsert og som innslag, og like etter kom beskjeden: Pearl skulle stå på scenen saman med Vamp på Sæbøvik i mai. Dei blei ein konsert litt utanom det vanlege, då Vamp berre nokre timar før dørene opna tok kontakt: Dei måtte avlyse. Panikk hjå arrangøren. Rockegruppa "Byte" frå Stord vart hyra inn i siste liten, men det var det lokale Halsnøy-bandet "Rock Revival" som var på alles lepper dagen derpå. Konserten forsterka gruppa sitt rykte som allsidig underhaldningsband, med både konsert og dans.
Hausten 2005 var prega av øving til julebordssesongen, og vinteren 2005-06 vart hektisk for gruppa. Men det vart diskusjon rundt bordet på øvingane; kunne gruppa kalle seg "Rock" revival no når dei spelte så mykje meir enn berre rock? Etter idemyldring slo gruppa seg til ro på navnet Pearl, eit hedersnamn for heimstaden Halsnøy, som ofte vert kalla "Perlo". Det nye navnet klinga godt hjå publikum, og det vart ein suksessfull vintersesong for gruppa.
Ut på nyåret i 2006 kom meldinga som ingen ville høyre. Både Einar Andre Åsheim og Øyvind Bjørnevik slutta i gruppa for å fokusere på studiene sine, begge i Bergen. Til slutt lot dei seg overtale til å halde fram lenge nok til at erstatningar kunne finnast. Like etter vart Pearl hyra inn som headliner på den storslåtte Skjoldmøen-konserten. Konserten, som gjekk av stabelen om laurdag 10. juni 2006, blei uten tvil ein av gruppas største suksessar til no, saman med Vamp-konserten og Saloonen. Samstundes var medlemma meget klare over at dette var den siste jobben med både Øyvind og Einar Andre. I august flytta dei til Bergen, og Rune Landa, heile Halsnøys favorittstemme, tok Øyvinds plass i bandet, medan Martin Bjørnevik tok trommestikkene fatt som førstetrommis. Sommarkonserten hadde på nytt sendt Pearl inn i søkelyset, og utover hausten fulgte mange suksessfulle jobbar, deriblant stordans i Skånevik som hausta god kritikk.
Samstundes byrja problema å hope seg opp i gruppa. Etter snart tre år med turnering ville bandmedlemma ha større makt i val av spelejobbar, repertoir og økonomistyring, og tok eit oppgjer med gruppa sin administrasjon. Etter fleire øvingar og spelejobbar prega av usemje og krangel, takka Rune Landa og Sigurd Hveem for seg i protest. Samstundes slutta Randi Karin Rusten for å fokusere på ei karriere som soloartist. 29. desember 2006, spelte Rune, Randi Karin og Sigurd sine siste jobbar, før gruppa vart lagd på is.
Trass i stor pågang frå interesserte arrangørar, var det lite lyd frå Pearl i 2007. All kranglinga og usemja hadde splitta bandet, og det var lite vilje til å halde fram. Først i juni 2007 vart medlemma tromla saman igjen til ein enkeltjobb, men det var tydeleg at den same gleda ikkje lengre var der.
I januar 2008 vart gruppa booka som eit av fleire innslag til eit større arrangement på Halsnøy, og i eit forsøk på å gjenopplive gruppa vart to nye medlemmer rekruttert, Kjetil Kjeka på gitar og Oliver Anderson på bass, medan Christian Bjørgen tok over andregitaren. 8. mars debuterte "nye Pearl" på Samfunnshuset på Sæbøvik, til særdeles god kritikk. Bandet haldt fram med øvingar utover våren, men det gjekk ikkje lang tid før dei to nye medlemma igjen var ute av gruppa. Den stadige omrokkeringa hadde begynt å tære på gruppemedlemma sitt tolmod, og ikkje lenge etter fann Martin Bjørnevik ut av nok var nok, og la frå seg trommestikkene etter fem år i gruppa. I eit siste forsøk på å halde gruppa saman, vart den erfarne trommisen Rune Dahle hyra inn, og det vart sommaren og hausten 2008 halde to konsertar med Pearl, den siste som support for Vassendgutane i September.
Til tross for iherdige forsøk frå bandmedlemma på å halde motet oppe, innsåg dei fort at toget var gått, og like etter var gruppa erklært oppløyst.
I august 2013, nesten fem år etter siste opptreden, vart gruppa gjenforent, med fire av dei tidlegare medlemma ombord.