Repertoar
Repertoaret til Pearl var eit variert repertoar av rock, countryrock, classic rock og country frå alle tiår. På det meste hadde bandet kring 60 låtar på det faste repertoaret, noko som medførte at Pearl ofte kunne levere spelejobbar med dans på svært mange timar.
Det finnes ikkje noko 100% oppdatert liste på korleis repertoaret var på slutten, men det var mange låtar som var gjengangarar og svært populære blant både bandmedlemma og publikum, som t.d. "Achy Breaky Heart", "Living Next Door to Alice", "Jersey Girl" og "Hot Rod Heart" for å nevne nokon. Bandet hadde òg eit solid sett av CCR-låtar på tapetet, som gjorde at ein lett kunne variere mellom konsert og dans på scenen.